Klar for nye utfordringar

0

Morten Rønne er spent på det komande året som StOr-leiar, og ser fram til semesterstart i haust.

Av: Eirik Ravnestad Eikefet & Oscar Eide Haus (foto)

GLER SEG: Den nyvalde leiaren av StOr byrjer arbeidet allereie 1. juli, og gler seg til å arbeide med resten av det nyvalde studentstyret.

Som leiar for StudentOrganisasjonen (StOr) vert det mange lange dagar på kontoret på Universitetet i Stavanger (UiS). Det nye styret tiltrer allereie 1. juli, så det blir ikkje mykje ferie på Rønne i sumar.
– Eg trur det neste året blir veldig bra. Eg gler meg til å byrje å arbeide med den nye gjengen. No er det nye andlet i alle stillingar, også leiinga på UiS, så det trur eg vert spanande. Me har allereie ein god tone med påtroppande rektor og universitetsdirektør, og eg håpar det vil halde fram på den måten. Forhåpentlegvis kan me unngå slike saker og hendingar som me opplevde det førre året, for det var ikkje så kjekt, seier Rønne, med ei klar tilvising til oppstyret rundt tilsetjinga av ny universitetsdirektør.

Svært nøgd med nytt styre
Avtroppande StOr-leiar, Daniel Haug Nystad, er positiv til det nye styret som er vald. Han er glad for at det var fleire kandidatar som stilte til dei same verva, for å sikre konkurranse. Han trur det vert eit utfordrande år, med nytt styre, ny universitetsleiing og ny organisasjonsstruktur, men han er viss på at Rønne er rett mann for oppgåva.
– Morten er ein utruleg dyktig fyr som eg har jobba veldig tett på det siste året. Eg er svært roleg med tanke på at han skal ta over skuta. Han har mykje kunnskap, er ikkje redd for å seie det han meiner og er ein svært sosial og hyggeleg kar, seier Haug Nystad.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here