Ikkje typisk norsk

2

Han er oppteken av at andre rundt han skal ha det bra, og han bryr seg om dei svake. Bjørn Harald Lye har vore ei av dei største eldsjelene på UiS dei siste åtte åra.

Av: Eirik Ravnestad Eikefet & Eirik Dankel  (foto)

ENGASJERT: I år fekk Bjørn Harald Lye Begeistringsprisen for sitt arbeid med dei internasjonale studentane.

Det tek fem minutt frå eg møter Bjørn Harald Lye i aulaen i Arne Rettedals hus, til me kan byrje intervjuet i ein raud sofa i andre etasje. Det er ikkje fordi han er treig til beins, men fordi alle som kjem forbi vil helse på han og gi han ein klem. Bjørn Harald lever etter den gyldne regelen: han møter alle slik han ønskjer å bli møtt av dei. Det ser ut til å fungere.
– Eg tykkjer det er viktig å bry seg om andre. Når eg ser at andre har det bra, får eg det bra. Det kan vere noko så enkelt som eit «god morgon», det kan vere eit lite smil og det kan vere med på å endre kvardagen til studentar og folk flest. Eit enkelt smil kan gjere underverk, seier han.

Engasjert
I løpet av det siste året har han vunne Begeistringsprisen, sørga for at Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH) får ta del i tiarordninga ved Universitetet i Stavanger (UiS), engasjert seg i Røde Kors sitt Buddy-prosjekt og mykje meir. Tidlegare har han sitte i Velferdstinget og i styret i International Students Union (ISU), mellom mange andre ting. Begeistringsprisen vann han for sitt vedvarande engasjement for dei internasjonale studentane ved universitetet.
– Engasjement for meg handlar om å få gjere ting som eg verkeleg set pris på og som eg likar. Det er fantastisk å få lov til å bruke tid på å få dei internasjonale studentane til å føle seg vel og velkomne på Universitetet i Stavanger. Dei har vore mitt store hjerteborn i dei siste åtte åra, og det er noko av det kjekkaste eg nokonsinne har vore med på.

NORDMANN?: Bjørn Harald Lye har fått spørsmål om han eigentleg er norsk. Det er han. (foto: Lars Kristian Aalgaard)

Skaper seg tid
Det lyser av andletet hans når han pratar om engasjement og kor viktig det er å vere oppteken av andre. Orda flommar ut som ein foss. Når me kjem inn på temaet studier og masteroppgåve berre ler han. Det er tydeleg at han ikkje er av typen som uroar seg for akkurat det.
– Det kunne nok ha gått betre med masteren, men det rykkjer framover litt etter litt. Eg skriv ikkje masteroppgåve og driv litt med frivillig arbeid, eg driv med frivillig arbeid og jobbar litt med masteroppgåva.
– Korleis klarar du å få tid til å vera så engasjert?
– Det er eit veldig godt spørsmål, det har eg stilt meg sjølv mange gongar før. Eg trur det handlar mykje om innstilling. Det frivillige arbeidet er noko eg verkeleg brenn for, og då er det eit ganske enkelt prinsipp; der eg ikkje har tid, lagar eg tid. Når ein får sjansen til å gjere ting ein verkeleg set pris på, skaper ein tid til det. Det gir meg ein del utfordringar, men eg tykkjer det berre er kjekt med utfordringar. Ein del av dei tek berre lenger tid. Til sjuande og sist reknar eg med at det ordnar seg.

Når ein får sjansen til å gjere ting ein verkeleg set pris på, skaper ein tid til det. – Bjørn Harald Lye.

Ikkje fødd med ski på beina
29-åringen frå Sunde utanfor Stavanger kan verken symje eller stå på ski, og han drikk ikkje alkohol. Han er er utadvendt og varm, ikkje innadvendt og kald, slik nordmenn etter sigande skal vere. Han er ikkje typisk norsk, så då er det kanskje ikkje så rart at det vart dei internasjonale studentane som vart hans hjerteborn.
– Det har hendt eit par gonger at eg har fått spørsmål om eg verkeleg er norsk. Det er eg, men kanskje ikkje slik den stereotypiske nordmannen skal vere. Eg er ikkje fødd med ski på beina!.
Sjølv om Lye ikkje deler dei same fritidsinteressene med alle i Noreg, har han også hobbyar som den typiske nordmann har. Men verda utanfor våre grenser har hatt ein påverknad på han også på dette området.
– Eg er svært glad i fotball, og held aktivt på med det. Ikkje som spelar, men som dommar. I tillegg er eg svært glad i å lese bøker. I det siste har eg også fått ein forkjærleik for klassisk musikk og opera, av alle ting. Det kan eg takke mine internasjonale vener for. Det er nokre menneskjer rundt omkring som eg er evig takknemleg for at eg har truffe.

ELDSJEL: Bjørn Harald Lye var initiativtakeren til oppstarten av SAIH på UiS. (foto: Michael Røgenes)

Planlegg ikkje framtida
Til sumaren er Bjørn Harald Lye ferdig som student ved UiS, forutsett at han får levert masteroppgåva si og ikkje stryk. Då skal han på tur til USA. Han ser fram til å sleppe å tenkje på skule heile tida, men han kjem til å savne menneska på universitetet. Både studentane og dei tilsette. Han veit ikkje kva framtida vil bringe, men han drøymer om å vere lukkeleg.
– Eg trur ikkje eg har så mange draumar i livet. Det må vere å ha det godt. Dei viktige tinga, som familie og vener, betyr mykje for meg. Eg håpar at eg kan få meg ein stødig jobb. Ein typisk åtte til fire-jobb hadde vore midt i blinken for meg, men framtida har eg ikkje lagt så store planar for. Eg har levd lenge nok til å sjå at det ein planlegg i utgangspunktet ikkje nødvendigvis blir utfallet, så då tek eg det heller litt som det kjem.

Angrar berre på ein ting
Bjørn Harald er singel, og kunne godt tenkje seg ein kjærast. Det stressar han likevel ikkje noko med – han har nok å bruke tida si på no. 29-åringen er nøgd med det meste i livet, og klagar ikkje over noko. Det er kun éin ting han ville ha gjort annleis, dersom han fekk sjansen.
– Eg blir aldri lei av å engasjere meg. Det einaste eg angrar på er at eg ikkje byrja tidlegare, for eg ser jo no kor utruleg kjekt det er. Men fortida kan eg ikkje gjere noko med. Dermed er det berre å gjere det ein likar og halda fram med det.
Nede i aulaen vert han på ny omsverma av smilande menneske som vil slå av ein prat med han. Det er tydeleg at det er mange som set pris på han, og det er tydeleg å sjå at han set pris på dei.

Bjørn Harald Lye

• 29 år gamal.
• Går siste året på master i internasjonal hotell- og reiseliv.
• Leiar for Stavanger SAIH (Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond).
• Sørga for at SAIH får ta del i tiarordninga ved UiS.
• Delvinnar av Begeistringsprisen 2011, saman med Simon Førland.
• Oversettar for internasjonal representant i Studentparlamentet.
• Oversettar i SmiS.
• Aktiv i Røde Kors Buddy.
• Var representant i Velferdstinget i eitt år.
• Har sitte i styret til International Students Union (ISU).
• Har vore med på å arrangere Internasjonal Dag, Christmas Lunch og Family Christmas Dinner.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here