HSH seier nei til samanslåing

0

UiS inviterte i fjor haust Høgskulen Stord/Haugesund til ei samanslåing. Etter ein omfattande rapport og fleire drøftingar, takkar høgskulen no nei til invitasjonen. Men dei vil gjerne vere med på eit tettare fagleg samarbeid. Kunnskapsdepartementet støttar planane med ein million kroner.

Av: Trine Barka Højmark

BEST ÅLEINE: HSH vil byggje opp sin eigen institusjon før dei begynner å tenkje på ein fusjon. (foto: Terje Rudi, HSH)

Tidlegare i år skreiv SmiS at Universitetet i Stavanger (UiS) ynskja å slå seg saman med Høgskulen Stord/Haugesund (HSH). UiS sendte ein invitasjon til høgskulen, som dei siste månadene har fått utgreidd ein rapport frå Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (Nifu-step). Rapporten tok for seg fleire fusjon-scenarier både i Bergen og Stavanger, samt å behalde HSH slik den er i dag. Høgskulen har også sjølv hatt grundige drøftingar om skulen si framtid internt. Det dei no har kome fram til er at HSH ikkje ynskjer å slå seg saman med UiS, kun eit tettare samarbeid.
– Me går ikkje inn for ein fusjon med UiS i dag, men skal søkje om ein tettare samarbeidsavtale som eit første steg. Me skal sjå på den avtalen me har i dag, og sjå om han kan forsterkast, seier HSH-rektor Egil Eide.
HSH ynskjer heller ikkje samanslåing med andre institusjonar, og har gått for alternativet å bevare høgskulen slik den er i dag.

SEIER NEI: HSH-rektor Egil Eide. (foto: Terje Rudi, HSH)

Vil byggje seg sterkare
No skal HSH sende innstillinga ut på høyring i heile HSH, Studentparlamentet og til ulike samarbeidspartnarar. Det er foreløpig ikkje fatta eit endeleg vedtak i saka, men etter at alle innspela har kome inn, vil høgskulestyret ta ein avgjersle på styremøtet 16. juni. Rektoren påpeikar at det er stor semje om den foreløpige konklusjonen.
– Me er ganske samstemde om dette. Me har involvert heile organisasjonen gjennom heile prosessen. Alle står bak innstillinga, seier Eide.
Årsaka til at HSH takkar nei til fusjon med UiS og alle andre institusjonar, er i hovudsak at dei ynskjer å byggje opp sin eigen institusjon før dei slår seg saman med andre.
– Me såg, på bakgrunn av rapporten og utgreiingane me har gjort, at HSH er inne i ein god fase. Me ynskjer å byggje oss sterkare som institusjon, og vil ikkje forhaste oss inn i ein fusjon, seier rektoren.
Eit tettare samarbeid med UiS ynskjer dei likevel å få på plass så raskt som mogleg.
– Me vil samarbeide om utdanning, faglig utvikling og forsking. Det vil vere naturlig at me startar eit slikt samarbeid til hausten, seier Eide.

Uvitande rektor
Då SmiS ringde UiS-rektor Aslaug Mikkelsen, hadde ho enno ikkje fått klarheit i kva HSH hadde bestemt seg for.
– Eg har ikkje snakka med dei etter at rapporten frå Nifu-step ble lagd frem, seier ho.
Mikkelsen kunne fortelje at UiS allereie har ein samarbeidsavtale med HSH, der dei mellom anna samarbeider om vidareutdanning, samfunnssikkerheit, helsefag, doktorgrader, forsking og økonomi og administrasjon.
– Det som ville vore fordelane med ein fusjon, samarbeider me om i dag, men me kan nok vidareutvikle det, seier rektor Mikkelsen.

Det som ville vore fordelane med ein fusjon, samarbeider me om i dag, men me kan nok vidareutvikle det. – Aslaug Mikkelsen, UiS-rektor.

Universitetsstatus tiltrekkjer
Rapporten frå Nifu-step skulle kartleggje fordelar og ulemper med ein fusjon både i Stavanger og i Bergen. Den skulle gje råd om kva høgskulen burde gjere dei neste 10 til 15 åra. I rapporten er universitetsstatusen eit sterkt argument for å fusjonera med UiS. Det nemnast blant anna at universitetstittelen er attraktiv for tilsette, gir større fridom til å opprette master- og doktorgradsprogram og styrkar banda til regionen. I tillegg seier rapporten at ein universitetstatus kan bidra til økte budsjettrammer, samt gjere at HSH stiller sterkare i kampen om forskingsmidlar.
– Det som kjem fram i rapporten er forhold me allereie er klar over, meiner Mikkelsen.
Rapporten påpeiker også at det er ein fordel å fusjonere med UiS fordi HSH vil bli ein del av eit større utdannings- og forskingsmiljø og kan utnytte den administrative ekspertisen UiS har.
– Me har heile tida sagt at det er viktig å tenke i retning av volum og eit større universitetet, seier UiS-rektoren.

Fleire ulemper med fusjon
Rapporten trekk likevel frem fleire negative konsekvensar ved ein fusjon med UiS. Blant anna er den geografiske avstanden mellom dei to skulane problematisk. Det knytast også frykt til om ei namneendring kan føre til dårlegare rekruttering av studentar. I tillegg kan det at UiS og HSH har mange like studietilbod, som lærar-og sjukepleiarutdanning, føre til ein konkurranse mellom dei to lærestadene. I rapporten vert det stilt spørsmål til om nokre av desse studietilboda kan bli lagt ned ved HSH og overført til UiS.
– Me er ikkje klare for ein fusjon no, men ynskjer eit tettare samarbeid, konkluderer HSH-rektoren.

POSITIV TIL SAMARBEID: UiS-rektor Aslaug Mikkelsen. (foto: Michael Røgenes)

Fornøgde studentar
Studentparlamentet ved UiS tok stilling til saka om ei eventuell samanslåing tidlegare i år. Då var dei kritiske til forslaget og meinte blant anna at logistikken blei for vanskeleg. Leiar i StudentOrganisasjonen (StOr), Daniel Haug Nystad, trur HSH har sett den same problematikken som dei, når dei no takkar nei til fusjon.
– Me har jo vore mot ein fusjon. Det ser ut som om HSH har gjort dei same vurderingane som oss. Dei har sett at det ikkje er formålstenleg for nokon av partane, påpeiker Haug Nystad.
I Haugesund hadde ikkje parlamentet tatt stilling til denne saka då SmiS sist snakka med dei. No stiller dei seg bak det høgskulen har bestemt.
– Me tykkjer at samarbeid er bra, men ikkje ein samanslåing i hui og hast. Me trur styret har teke ein fornuftig avgjersle, seier leiar i Studentparlamentet, Siri Steinsvik.

Me er ikkje klare for ein fusjon no, men ynskjer eit tettare samarbeid. – Egil Eide, HSH-rektor.

Kan kome fusjon seinare
Ein eventuell fusjon for HSH er likevel ikkje lagt heilt på is. Eide peiker på at det vil bli fleire fusjonar mellom andre skular i framtida, noko som kan føre til at HSH blir for svak aleine.
– Me ser at utdanningsstrukturen vil endre seg framover. HSH vil i den samanheng søkje tettare samarbeid med andre, og kanskje ein fusjon, seier HSH-rektoren.
Om HSH då vel å gå til UiS, er ikkje dørene heilt stengde der heller.
– Det er viktig for oss å vera opne for eit tettare samarbeid. Me er opne for fusjon, men berre viss HSH ynskjer det. Me er ikkje interessert i ein lang prosess med ueinige partar, understrekar Mikkelsen.

Million til HSH-samarbeid
Kunnskapsdepartementet (KD) pungar ut ein million kroner for å støtte eit tettare samarbeid mellom UiS og HSH. Dette kjem fram i ei pressemelding 24. mai. KD har tilsaman gitt 27,9 millionar kroner til ulike institusjonar innan høgare utdanning som ynskjer å samarbeide.
– Det er mange spennande og viktige samarbeidsprosjekt på gang, og eg er glad for å kunne støtte opp under desse med ekstra midlar. Spesielt er eg glad for at også universiteta no viser større engasjement i samarbeidet og har kome på banen med fleire prosjekter, seier forsking- og høgare utdanningsminister Tora Aasland i pressemeldinga frå KD.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here