Studentlivets glade dagar

0

Av: Eirik Ravnestad Eikefet (nyheitsredaktør)

Det er ikkje mange grupper i Noreg som har like lite å rutte med som studentane. Utan deltidsjobb, sparepengar på konto eller ein pappa med tjukk lommebok er det ikkje mykje att av det vesle månadlege bidraget frå Lånekassa. Då lyt du i alle høve vere prisbevisst, lite kresen og føretrekke vatn framfor brennevin.

Far min har ikkje tjukk lommebok, i alle fall ikkje som eg veit om. Eg har verken aksjar, fond eller store summar på kontoar i Sveits, og eg gløymer ofte at eg er glad i vatn før eg har har tuta i meg ei flaske av typen som har blitt destillert eit par gongar. Med eit så dårleg utgangspunkt var det ingen annan veg utanom å skaffe seg ekstrajobb.

Eg er ikkje åleine om det. Dei aller fleste som studerer på universitet og høgskular har ein jobb ved sidan av studia. Treng me det? Nei, me kunne nok fint ha greidd oss utan, men me ville ikkje hatt råd til så mange materielle ting som me kunne tenkje oss. Det hadde ikkje blitt mange turar på byen i løpet av månaden heller.

«Eg vil heller leve nokre få år, enn å overleve i mange år», har nokon sagt ein gong. Eg vil langt på veg seie meg einig i det. Det å ha ein jobb ved sidan av studia mogleggjer det å leve. Greit nok, me får litt mindre tid til både pensumbøkene og fritidsaktivitetar, men gjer det verkeleg noko? Hadde me vore flinkare studentar dersom me hadde fått nok stønad frå Lånekassa til å leve behageleg, som nordmenn flest?

Eg gløymer ofte at eg er glad i vatn før eg har har tuta i meg ei flaske av typen som har blitt destillert eit par gongar.

Det er ikkje lett å svare på det. Eg kan berre snakke for min eigen del. Dersom eg hadde hatt meir pengar og meir tid å slå i hel, er svaret på kva eg hadde gjort allereie gitt. Sopass ærleg må eg vere. Eg hadde ikkje lest bøkene frå perm til perm, og eg hadde ikkje brukt mykje meir tid på oppgåver og innleveringar. Eg hadde reist meir, kjøpt meir, spist meir og vore like blakk. Så hadde eg nok skaffa meg ein ny jobb likevel.

Dersom du slår av ein prat med vaksne personar som er ein generasjon eller to eldre enn deg, vil du ikkje høyre mykje snakk om kor dårleg dei hadde det som studentar. Dei snakkar om studentlivet som det beste livet dei har hatt. Studiestønaden dei mottok frå staten var ikkje meir enn det me får i dag, og dei hadde det like ubehageleg som oss. Likevel pratar dei helst om kor fint livet var då.

Når eg er gamal og livet ebbar ut vil eg også tenkje på dei fine dagane eg hadde som student. Eg vil ikkje hugse studentlivet som eit stress og kav for å ha det bra heime, og gjere det bra på skulen. Eg trur det aller, aller meste handlar om innstilling. Smilar du, smilar livet til deg. Lat oss ikkje tenkje på kva som kunne ha vore betre. Lat oss heller tenkje på kor bra me faktisk har det. Det er berre no me er unge, og det er helst no me skal studere. Det er dette som er livets glade dagar. Ver klar over det, og nyt dei!

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here