Kven tar over StOr-roret?

0

I dag skal nytt styre i StudentOrganisasjonen veljast. Duellantane og venene Trine Oftedal og Morten Rønne knivar om å bli ny leiar.

:: Av Astrid Therese Simonnes & arkivfoto Pål Karstensen

KVEN TAR SEIEREN?: Trine Oftedal (t.v.) og Morten Rønne kjempar om å bli den neste leiaren i StOr på Universitetet i Stavanger. 13. mai blir det avgjort.

Studentstyret veljast kvart år. Leiar- og nestleiarstillinga er 100-prosentstillingar, medan dei andre verva er på deltid. Deltidsverva er fag- og læringsmiljøansvarleg, juridisk ansvarleg, fakultetsansvarleg og internasjonalt ansvarleg. Avtroppande leiar i StudentOrganisasjonen (StOr), Daniel Haug Nystad, stiller til val i vervet som fag- og læringsmiljøansvarleg. I tillegg skal tre andre stolar i styret fyllast. Det er studentparlamentet som stemmer over det nye styret i StOr under parlamentsmøtet 13. mai. I tillegg til dei som har søkt til verva, er det også mogleg å stille som kandidat til StOr-styret under sjølve parlamentsmøtet.

Klar for eit nytt år
Kandidatane som stiller til val som leiar er Morten Rønne og Trine Oftedal. Rønne har vore nestleiar i eit år no og fortel at han er klar for eit nytt år i StOr.
– Eg har hatt eit veldig bra år som nestleiar. Vi har sådd mange frø og lagt planar for neste år som eg har lyst til å vere med på å ro i hamn. Studentane sine saker er viktige for meg, så eg har lyst å halde fram eit år til, seier Rønne.
Som nestleiar i StOr har Morten Rønne jobba mykje med studentmiljøet. Difor har hans hjartesak vore å betre miljøet blant studentane på Universitetet i Stavanger (UiS). Dersom han blir valt til leiar, har han ei anna hjertesak.
– Som leiar ønskjer eg å få planane vi har lagt og organisasjonsomlegginga vår til å fungere slik som vi hadde tenkt, seier han.

Spelar saman med konkurrenten
Den andre kandidaten, Trine Oftedal, er ein god ven av Rønne. Dei speler mellom anna i StOr-bandet saman, som er ei lita akustisk gruppe.
– Vi har ein veldig god tone rundt valet, og har spøka litt fram og tilbake om det. Bandet vårt fungerer veldig bra. Vi klarer å syngje i harmoni sjølv om vi stiller mot kvarande, seier Rønne med eit smil.
Innstillingskomiteen har innstilt Morten Rønne som leiar i StOr for neste år, men det er opptil studentparlamentet å ta den endelege avgjersla.

Vi har sådd mange frø og lagt planar for neste år som eg har lyst til å vere med på å ro i hamn. Morten Rønne, nestleder i StOr og leiarkandidat.

Viktig med god undervisning
Trine Oftedal studerer til å bli førskulelærar og er engasjert i studentpolitikken i Stavanger. Ho er mellom anna leiar i StOr HUM (StOr på Humanistisk fakultet), sit i studentparlamentet og er leiar i Stavanger Studentsangforening.
– Jo meir eg gjer i StOr, jo meir har eg lyst til å gjere. Så eg har lyst til å jobbe med dette på fulltid, i staden for å gjere det i tillegg til studier og deltidsjobb, seier Oftedal.
Oftedal stiller til val som både leiar i StOr og til vervet fakultetsansvarleg. Ho meiner undervisning og pedagogikk er viktig for trivselen til studentar, og dette er noko ho vil jobbe med dersom ho blir valt som leiar i StOr.
– Eg trur at det er viktig med busstilbod og boligar, men eg trur den største utfordringa ved UiS er at undervisninga ikkje er god nok. Ein nøkkel til å få studentane til å trivast, er å få betre forelesarar. Eg er aktiv innan undervisningspedagogikk (Uniped, red.anm.), og er med i styringsgruppa der. Til dømes hadde obligatorisk kollegavegleiing vore bra å innført for å få undervisninga betre, seier Oftedal.

Duellantar og vener
Oftedal likar at det er konkurranse om leiar-stillinga.
– Eg og Morten er gode vener og har respekt for kvarandre, så då går det litt betre. Det er ikkje så gale å tape eit val når eg veit at den andre som får stillinga er ein bra kandidat, og det veit eg at Morten er, seier ho.
For ikkje så lenge sidan var Oftedal uheldig og datt ned trappa på Folken-scena etter at ho og Morten Rønne hadde spelt på hovudscena på fadderarrangementet. Ho brakk handleddet, og folk byrja å spekulere i om dette var eit sabotasjeforsøk frå Rønne si side.
– Han brukte heile fredagen på å overbevise folk om at han ikkje dytta meg ned trappa på Folken etter at vi hadde spelt, seier Oftedal og ler.
Morten Rønne er tydeleg på at det ikkje var han.
– Eg var på sjukehuset med blomar til henne for å redde meg inn, seier StOr-nestleiaren.

Rønne brukte heile fredagen på å overbevise folk om at han ikkje dytta meg ned trappa på Folken etter at vi hadde spelt. Trine Oftedal, leiarkandidat.

Vil betre kollektivtilbodet
Journaliststudent Pål Karstensen har stilt til val som nestleiarkandidat, mellom anna fordi han blei spurt av dei to leiarkandidatane om å gjere det. Karstensen håpar på å betre kollektivtilbodet dersom han blir nestleiar.
– Eg synest sjølv at det er irriterande at ungdommar på 15 år kan reise rundt i Rogaland for 300 kroner, når mange av dei også blir kjørt av foreldra sine. Medan studentar utan pengar må betale meir, og det berre for reise i éi sone. Når det nye studenthuset på campus kjem, så er det viktig at folk gidd å ta bussen for å kome på campus og skape litt meir liv, seier Karstensen.

Haug Nystad rykker ned
Daniel Haug Nystad har vore leiar i StOr det siste året, og fortel at året som leiar har vore spanande, lærerikt og veldig krevjande.
– Det er kanskje noko av det smartaste eg har gjort så langt på mine 25 år her på jorda, så det har vore ein veldig fin erfaring, seier Haug Nystad.
Han stiller likevel ikkje til attval som leiar til neste år, fordi han vil bli ferdig med bacheloren sin i historie. Han har også lyst på litt meir fritid og ein litt annan kvardag.
– Det er jo ein krevjande posisjon å ha, så eitt år var nok for min del, seier han.
I staden stiller han til val som fag- og læringsmiljøansvarleg.
– Det er fordi eg er genuint oppteken av studentane på UiS sin kvardag. Mitt hjarte ligg mot det faglege, at vi skal ha ein god fagleg kvalitet på utdanninga vår, og at studentane skal oppleve at dei blir høyrde i utviklinga av faga sine, seier han.

Instillinga til valet
Dei andre kandidatane som stiller til val til studentstyret er Ravi Kamalaraja og Mari Sørlie Pettersen, som begge ønskjer vervet som internasjonalt ansvarleg. Sørlie Pettersen er innstilt til vervet av innstillingskomiteen. Til vervet juridisk ansvarleg stiller Mads Rosnes. No er det opp til Studentparlamentet kven som skal kjempe for studentane sin kvardag neste år.

 

Val av nytt Studentstyret (StOr)

• Følgjande kandidatar har søkt på verva:
– Leiar: Morten Rønne, nåverande nestleiar (innstilt) og Trine Oftedal, nåverande leiar i StOr HUM.
– Nestleiar: Pål Karstensen og Tina Nyhus, nåverande fagansvarleg på SV (har trekke seg).
– Fag- og læringsmiljøansvarleg: Daniel Haug Nystad, nåverande leiar (innstilt).
– Juridisk ansvarleg: Mads Rosnes (innstilt).
– Internasjonalt ansvarleg: Mari Sørlie Pettersen (innstilt) og Ravi Kamalaraja.
– Fakultetsansvarleg: Trine Oftedal (innstilt).

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here