Desse skal styre studentane det neste året

0

Det er no klart kven som skal leie studentane sitt øverste organ på UiS i det komande året. Dei nye medlemmane av studentstyret vart valde på møte i studentparlamentet, fredag 13. mai.

Av: Eirik Ravnestad Eikefet (tekst & foto)

NYTT StOr-STYRE: Denne gjengen skal styre over studentene det komande året. (F.v: Juridisk ansvarleg - Mads Rosnes, Internasjonalt ansvarleg - Mari Sørlie Pettersen, Nestleiar - Lasse Heggedal, Leiar - Morten Rønne, Fag- og læringsmiljøansvarleg - Daniel Haug Nystad, Fakultetsansvarleg - Trine Oftedal, Studentrepresentantar UiS-styret - Kathe-Mari Solberg Hansen og Gunnar Dyrseth.)

Den nye leiaren av StudentOrganisasjonen (StOr) ved Universitetet i Stavanger (UiS) heiter Morten Rønne. Han er 22 år gamal og kjem frå Sarpsborg. Rønne har vore nestleiar det siste året, og tek over vervet etter tidlegare leiar Daniel Haug Nystad.

Eg har teke eit djupdykk ned i organisasjonskulturen ved universitetet og fått ein tyngre sekk etter året som nestleiar. Som leiar ønskjer eg å få ein tyngre sekk, for å kome endå lenger ned i djupet. – Nyvald StOr-leiar, Morten Rønne.

Skal dykke djupare
I talen før avstemningen la han sterk vekt på at har hatt eit fantastisk halvanna år i StOr (seks månader i studentparlamentet og eitt år som nestleiar i StOr), og vil følgje opp ting som er starta.

– Eg har teke eit djupdykk ned i organisasjonskulturen ved universitetet og fått ein tyngre sekk etter året som nestleiar. Som leiar ønskjer eg å få ein tyngre sekk, for å kome endå lenger ned i djupet. Studentmiljøet blomstrar i Stavanger, og eg vil vere med vidare for å leggje til rette for at studentane skal få det spelerommet dei treng for å videreutvikle det, sa Rønne i valtalen sin.

Han vann avstemninga over Trine Oftedal, som i staden for fekk vervet som fakultetsansvarleg.

– No skal eg skaffe meg endå meir erfaring og kunnskap, slik at eg stiller sterkare til val neste år. Dersom de trudde at de var kvitt meg, må de tru om igjen, sa Oftedal til begeistring frå resten av parlamentet.

Oppteken av studentane sine meiningar
Den nye nestleiaren i StOr heiter Lasse Heggedal. Han er 22 år gamal og er frå Akershus. Han har vore aktiv i StOr på Humanistisk fakultet, og har bakgrunn frå elevråd, kommunestyre og festivalarbeid. Han tek over nestleiarvervet etter nemnde Rønne.

– Eg har jobba med Cosa Nostra (omstruktureringa av StOr journ. anm.) på bakkenivå, og eg veit kva studentane treng. Tilbakemelding og organisering har ikkje fungert optimalt før, men vil bli mykje betre ette omstruktureringa. Studentane vil få betre moglegheitar til å få gjennom meiningane sine. Dette kan eg, og dette vil eg vere med på vidare. Arbeidet er ikkje ferdig no, det har akkurat byrja, sa Heggedal i sin tale før avstemninga.

Han vann avstemninga over Pål Karstensen, som mellom anna er nettredaktør i SmiS. Tina Nyhus var opprinneleg nominert til vervet som nestleiar, men trakk seg frå valet ei veke tidlegare.

Dersom de trudde at de var kvitt meg, må de tru om igjen. – Nyvald Fakultetsansvarleg, Trine Oftedal.

To nye verv
Resten av Studentstyret i StOr vart også valde på møtet. Vervet som velferdsansvarleg fell bort, og det vert oppretta to nye verv; juridisk ansvarleg og fakultetsansvarleg. Avtroppande StOr-leiar, Daniel Haug Nystad, overtek vervet som fag- og læringsmiljøansvarleg.

Mads Rosnes vart vald til juridisk ansvarleg, Mari Sørlie Pettersen ny internasjonalt ansvarleg og Trine Oftedal fekk vervet som fakultetsansvarleg. Dei to studentrepresentantane i UiS-styret, Kathe-Mari Solberg Hansen og Gunnar Dyrseth, held fram eit år til i same stilling. Dei vart einstemmig vald av alle på møtet.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here