RadioHmm anklaga for kjetteri

0

Frykt ikkje eksamen seier eg!

Tidlegare i veka blei redaksjonen kalla inn på teppet av Inkvisisjonskontoret i Rogaland og anklaga for kjetteri. For å bøta på dette har heile redaksjonen reist til det heilage land for å oppsøke Jerusalem, ei over gjennomsnittet turistfelle midt i ein særs kjip ørken full av terroristar og atomvåpen.  Me melder og om at messiaskomplekset vårt er sterkt undervurdert, men under behandling.

Me trossar kritikken og serverer dykk ei best of sending, litt seint på nett men no er ho nett der slik at dykk kan høya på ho.

Ikkje nok med det, så har me satt saman ei speleliste som egnar seg skikkelig godt for det fine været som ligg og kosar seg over Oljehovedstaden. Me snakkar Vaagsbygd Handy, Aesop Rocks, Familjen, Veronica Maggio og det som verre er.

http://media.smis.no/radio/player/radiospiller.swf

Ha ein ordentleg OK påske!

Og i mellomtida foreslår eg at dykk kosar dykk med Hasan Baba, den dansande utlendingen:
http://www.youtube.com/watch?v=vR_VhfxAnXU

 

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here