Ja takk, begge delar

0

Av: Astrid Therese Simonnes (tekst)

I påska brukar eg å lese romanar. Påska, som dei andre høgtidene i året, er ei av dei få tidene eg har godt nok samvit til å lese skjønnlitteratur, og ikkje pensumbøker. Men i år er eg komen i ei knipe. Eg har nemleg eksamen rett etter påske, og har ikkje akkurat stålkontroll på pensumlitteraturen. Etter mi meining er det å leggje eksamensdatoen til rett etter påske ein sabotasje av påskelesingsfreden. Kva skal eg velje? Pensum eller roman?

Sjølv for ein roman-elskande student som meg, så er det ikkje lett å finne roa til å drøyme seg vekk med ein roman i kvardagen. Og skulle eg få lese-anda over meg, så kan eg i alle fall ikkje ta fram ein roman framfor ei pensumbok. Kan eg vel? Då kjem i så fall det dårlege samvitet snikande. På same tid merker eg at eg saknar kjensla av å leve meg fullt og heilt inn i ein roman. Eg saknar å lese til krampa tek meg fordi eg ikkje klarar å leggje boka frå meg.

I påska for eit par år sida leste eg den andre boka i Twilight-serien, «New Moon». Eg var heilt fortapt. Eg har faktisk eit bilete av meg, der eg sit i sofaen med påskeegg og ullsokkar på, føtene på bordet og med boka i hendene. Eg nistirar rett ned i boka og registrerer ikkje at eg blir tatt bilete av eingong. Når eg først har fått smaken på ei god bok, skal det mykje meir til enn ein kamerablits for å dra meg tilbake til jorda.

Etter mi meining er det å leggje eksamensdatoen til rett etter påske ein sabotasje av påskelesingsfreden. Kva skal eg velje? Pensum eller roman?

Kanskje eg må følgje prinsippet «business before pleasure» denne påska? At eg først må lese gjennom pensum, før eg kan kose meg med ein roman? Eller, som Ole Brumm seier: «ja takk, begge delar»? Faren ved det sistnemnte er at eg blandar saman fagboka og romanen, og på eksamen byrjar eg å dra inn ville eksemplar. Det kan bli fatalt.

Ein god grunn for å lese ein roman er jo at vi stakkars studentar treng å slappe av mellom dei tunge taka. Eksamen går nok ikkje betre dersom vi skal stresse med å kunne forklare til dømes hypotetisk-deduktiv metode til punkt og prikke. Eg trur det ideelle er å klare balansen mellom å vere godt førebudd til eksamen og å klare å vere avslappa.

Difor seier eg “ja takk, begge delar”. Om det betyr at eg må ta med romanen til lesesalen, så blir det slik. Eventuelt kan eg ta med fagboka til sofaen. Kva slags roman skal eg lese i påska, tru?

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here