Ei hjelpsam Jærbu

0

Ida Hetland er ei jente med et uvanlig sterkt engasjement. Hun tar en master ved UiS og har sitt eget hjelpefond der hun hjelper vanskeligstilte barn i Guatemala.

Av: Astrid Therese Simones (tekst), Ole-André Lagmandokk (reporter) & Kaya Roppestad (foto/redigering)

Eit studieopphald i utlandet og rein tilfeldigheit har gjort sitt til at Ida Hetland er den personen ho er i dag.

– Eg studerte økonomi i England i 2007, og der budde eg saman med ein gut frå Guatemala. Eg og to venninner frå Frankrike hadde lyst til å besøke han. Same året gjorde vi det, og vi fann fort ut at han høyrde til eliten i landet, fortel ho.

Jobba på barneheim
Hetland ville reise tilbake for å sjå meir av verkelegheita blant dei fattige i Guatemala. I 2009 reiste ho difor ned dit for å vere der i to månadar. Denne gongen reiste ho til byen Antigua, som ligg ein time utanfor hovudstaden.

– Eg lærte meg spansk og jobba på ein barneheim som heitte Casa Jackson, i tillegg til at eg jobba på ein skule. Likevel tenkte eg at det måtte vere mogleg å bidra meir til landet, på ein annan måte enn å berre jobbe, fortel Bryne-jenta.

Eg tenkte at det måtte vere mogleg å bidra meir til landet, på ein annan måte enn å berre jobbe. – Ida Hetland, masterstudent som starta Ida’s hjelpefond.

2 000 blei til 70 000
Då Hetland kom tilbake til Noreg, starta ho ei Facebook-gruppe og oppretta ein konto i Time sparebank for pengar som skulle vere øyremerka «veldedigheit». Folk kunne finne eit kontonummer på Facebook-gruppa og gje pengar på denne måten.

– Dei som jobba i banken spurde kor mykje eg trudde ville kome inn på kontoen. Eg svarte maksimalt 2 000 kroner. Tre veker seinare var det 70 000 kronar på kontoen, seier Hetland med iver i stemma.

Bryne-jenta samla også inn klede før ho skulle reise tilbake neste gong. Då ho kom tilbake til Guatemala, kunne ho mellom anna kjøpe livsviktige medisinar og myggnetting til innbyggjarane i byen Antigua.

– Kva gjorde inntrykk på deg i Guatemala under desse opphalda?
– Først og fremst såg eg at underernæring er eit stort problem. Eg jobba på den vesle barneheimen Casa Jackson, og der gjorde dei små, underernærte babyane stort inntrykk, seier ho.

Når du driv med noko du brenn for, så prioriterer du. Ida Hetland, masterstudent som starta Ida’s hjelpefond.

Mange ballar i lufta
I tillegg til å drive Idas Hjelpefond, er Hetland masterstudent i økonomi ved Universitetet i Stavanger (UiS). Ho har vore praktikant i Amnesty dette året og har også arbeidd med unge rusmisbrukarar i Stavanger. Ho likar å ha mange ballar i lufta.

– Når du driv med noko du brenn for, så prioriterer du. Det er til tider travelt, men det går litt i rykk og napp, seier den engasjerte jenta.

Ho skal no flytte til New York for å ta meir utdanning.

– Eg skal ta ein ny mastergrad i internasjonal utvikling og menneskerettar, som er retta inn mot hjelpearbeid. Og så er det ein kortare og billegare veg til Guatemala, legg ho til.

Vi oppfordret ansatte til å komme med begrunnet forslag til hvilken organisasjon som skulle få 2010-gaven på kr 10.000. Det kom inn noen forslag og Ida’s hjelpefond ble valgt. – Ellinor Svela, administrerende direktør for SiS.

Julegåve frå SiS
Hetland tykkjer det er godt å vite at ho har støtte frå UiS, og vart svært glad for julegåva frå Studentsamskipnaden i Stavanger (SiS) ho fekk i fjor. Andletet til masterstudenten bryt opp i eit stort smil:

– Det var heilt fantastisk! Det hadde eg ikkje rekna med. Eg er jo student her, så det er veldig kjekt med støtte frå studentsamskipnaden, seier ho med glød i stemma.

SiS bestemte for flere år siden å slutte med julehilsen til samarbeidspartnere og i stedet gi en gave til et veldedig formål.

– Vi oppfordret ansatte til å komme med begrunnet forslag til hvilken organisasjon som skulle få 2010-gaven på kr 10.000. Det kom inn noen forslag og Ida’s hjelpefond ble valgt, fortel adminstrerande direktør i SiS, Ellinor Svela.

– Korleis vil desse pengane kome til nytte?
– Pengane vil først og fremst gå til operasjonar til fleire barn. Hjelpefondet betalte for tre operasjonar førre gong, og operasjonar kostar mellom sju til ti tusen kronar. Desse operasjonane kan gje eit lite barn eit heilt nytt liv, seier Hetland.

Tøff oppvekst
På barneheimen Casa Jackson, møtte Hetland jenta Magaly, som rørde henne.

– Magaly på to år traff eg under opphaldet i oktober i fjor. Ho var ei av dei eldste jentene på barneheimen og var underernært. Ho kunne heller ikkje gå på grunn av ein medfødt hoftefeil, seier Hetland.

Med stor innleving fortel ho om Magaly som berre kunne liggje i senga si, og at ho og dei andre som jobba på barneheimen gav ho mat annankvar time. Magaly hadde hatt ein tøff oppvekst før ho kom til Casa Jackson.

– Magaly hadde ein far som slo både ho, søstrene hennar og mora, så familien flykta frå faren. Nokre amerikanarar frå ein bistandsorganisasjon bygde eit nytt hus til familien, og gav dei mat og medisinar. Faren klarte diverre å spore dei opp igjen og kom og raserte heile huset, seier Bryne-jenta.

Guatemala har sett spor i meg. Det har endra måten eg tenkjer på og det har gjeve meg lyst til å bidra på grunn av landet eg er ifrå. – Ida Hetland, masterstudent som starta Ida’s hjelpefond.

Endrar liv
På Idas Hjelpefond sine nettsider står det at organisasjonen “fokuserer på enkeltindivid, for du kan ikkje hjelpe alle, men endre heile livet til nokon.”

– Korleis er det å vere med på å endre livet til eit lite born?
– Det er heilt ubeskriveleg. Til dømes Magaly som har ein tragisk bakgrunn, som berre har lege i senga medan syskena har leika. Tilfeldigvis får eg vere med og hjelpe ho til eit betre liv. Slik får eg energi til å fortsetje. Eg ser kor lite som skal til for at ungar i dette landet kan få eit heilt nytt liv, seier Hetland og fortel vidare at Guatemala har endra henne som person.

– Guatemala har sett spor i meg. Det har endra måten eg tenkjer på og det har gjeve meg lyst til å bidra på grunn av landet eg er ifrå. Det har vore ein vekkar å sjå kor godt vi har det, samtidig som vi kan lære meir om andre kulturar, seier ho.

Skal tilbake i mai
Faren til Magaly tok alle medisinane og selde dei, mest sannsynleg for å kjøpe alkohol.

– På grunn av hofteskaden fekk Magaly kome til barneheimen. Den første tida Magaly budde der, så slo ho ofte hovudet i veggen som ein reaksjon på det fysiske misbruket frå faren. Etter kvart forbetra ho seg veldig, og eg brukte pengane frå hjelpefondet til ein operasjon på eit privatsjukehus for hofta hennar. Operasjonen var vellukka, og legane sa at det ville ta ni månader før ho ville klare å gå. Til alle si forundring, klarte Magaly å gå med gips allereie etter to eller tre månader, fortel Hetland.

Ho vil gjerne halde fram med å følgje opp Magaly med fysioterapi. Ho seier at den vesle jenta skal til ein ny sjekk no i januar.

– Eg skal tilbake til Guatemala i mai, og då håpar eg ho kjem springande mot meg, seier ho med eit stort smil.

Idas hjelpefond

  • Starta i 2010 av Ida Hetland frå Bryne.
  • Alle pengesummar går til fattige barn og familiar i Guatemala.
  • Pengane som har blitt samla inn har blitt brukt til å byggje hus, kjøpe medisinar, finansiere operasjonar, kjøleskap, vaskemaskin og myggnetting til nokon som verkeleg trong det.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.