Musikkspalten: Kaoset Grand Island

Musikkspalten: Kaoset Grand Island 

Tekst: Jørund Sandgren

“Lalala – Shanghai I wanna go 
You look so good when you’re lonely” 

Dette er teksten i refrenget på låta Us Annexed frå Oslobandet Grand Island. Eller kaoset, om du vil.  

Kvifor kaos? Vel, teksten kan ved første og andre augekast sjå ut som om den ikkje heng saman. Og kjenneteikna til bandet er godt representert i låta. Debutalbumet Say No to Sin frå 2006 har, ifølgje nettstedet Musikknyheter, føtene i alt frå «bluegrass og bluesinspirert rock til en miks med sigøynerpunk som igjen går over i en nesten synthaktig poprock». Plata er energisk, fridde inn forventingane bandet hadde skapt gjennom debutalbumet, ble booka til Quartzfestivalen og Øya, og fekk strålande omtale av blant andre Musikknyheter og Natt & Dag.  

Det har vore stilt i eit par år. Først tok dei ein pause etter det tredje albumet, Songs from Östra Knoll, før dei slapp ein ny suksess tre år seinare, Della Loved Steve. Og no er det neimen ikkje lenge før neste skive stig inn i galskapen. I slutten av januar skreiv kvintetten på Facebook at den neste skiva var ferdig miksa og mastra. Det som gjenstod var albumcover og ein sleppdato. I ein kommentar på posten skreiv bandet for sju veker sidan at plata var eit par månadar unna, dersom alt gjekk etter planen.  

Kvintetten frå Oslo, Moss og Sørumsand starta tidleg på 2000-talet, og i følgje Wikipedia-sida deira på engelsk kan sjangeren deira beskrivast som «southern indie». Sjølv om dette berre treff ein brøkdel av lydbiletet deira frå dei første albuma. I løpet av dei siste albuma er sjangerkrumspringa rydda opp i forhold til «det spinnville debutalbumet», som Dagbladet ordla det i 2008 då Boys & Brutes kom til butikkhyllene. Sjølv seier dei i fleire intervju at dei er flaska opp på bluegrass, folk, deltablues og rock i ymse kombinasjonar, i tillegg til at dei har smoge inn eit par britiske element. Frå eit intervju med nettstaden Ballade i 2006 seier og bandet dette om ein av visjonane dei har.  

Pål: – Mye av cinematikken i lydbildet vårt kommer nok også av at vi innmari glade i film, spesielt fra 70-tallet. 

Espen: – Ett av våre mange drømmeprosjekter, er å sette en masse scener fra ulike filmer på storskjerm i øvingslokalet, og bare improvisere filmmusikk sammen, der og da. 

Pål: – Og så hadde det vært fint om noen ville gi det ut…vi har mange sånne rare planer. Men det å kombinere film og musikk, som er de to tingene vi liker aller best, hadde vært ufattelig moro… 

For i 2013 kom nemleg dokumentarfilmen an Arctic Space Oddyssey, med musikk frå bandet. Det er ikkje like kaotisk som i det første albumet, men det er absolutt Grand Island som ruller over bileta av det arktiske landskapet på Svalbard, og arkivfotoa frå den kalde krigen og romkappløpet.  

Della Loved Steve frå 2013 er om mogleg endå meir ryddig, så det vert spennande å sjå kva som skjer når det neste albumet ved namnet Young Hawk & I kjem ut. Dei seier og at det vert norgesturné, så det er berre å håpe på at kvintetten vender nasa mot Stavanger.  

Posted in Musikkspalten, Spalter and tagged , , , , , , , , .

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.