Musikk: For Emma, ti år 

Musikk: For Emma, ti år 

Av Jørund Vatle Sandgren 

Dersom du er glad i Indie, kjenner du mest sannsynleg til eit album ved namnet Emma, Forever Ago. Om ikkje, er det ein song som heiter Skinny Love du kanskje har høyrd. Anten det er Birdy sin coverversjon, eller originalen av det amerikanske indiefolk-bandet Bon Iver 

I februar i år er det ti år sidan bandet, med Justin Vernon i spissen, slapp dette første albumet globalt. Denne plata har ein heilt spesiell historie bak seg.  

Spol tilbake til elleve år, pluss eit par månadar. Eit vanskeleg brot med gamlebandet, kombinert med kyssesyke, som hadde gitt infeksjon på levra, og eit brot med kjærasten som fortsett var vanskeleg å komme over, var det nok. Leverinfeksjonen gjorde at han var sengeliggande i tre månadar. Då vinteren kom, slo Vernon opp med sin dåverande kjærast, køyrde 18 timar heim til heimbyen Eau Claire, Wisconsin, og sat seg på sofaen i foreldra sitt hus mens dei var ute. Han kjende seg klaustrofobisk. Han måtte vere åleine.   

Han ender opp på faren si gamle jakthytte, ein time nordvest frå heimbyen. Han planla ikkje å vere der lenge. Faren kom innom omtrent kvar tiande dag, i følgje Vernon sjølv. Han hadde med seg ost, egg og øl, som skulle supplere dei to rådyra Vernon skaut i løpet av vinteren. Til gjengjeld gjorde han tenester for faren, som vedhogst og å rydde på eigedomen rundt hytta.  

Tre veker går det før han blir lei av å vere åleine også. Han hadde tatt med seg enkelt opptaksutstyr på reisa, og hadde med seg eit par idear til songar i tillegg. Han byrja å spele inn, og song i falsett, som han ikkje hadde prøvd nemneverdig tidlegare. Han brukte ein gammal Mac, og la vokalspor oppå vokalspor for å lage sitt eige vesle solo-kor, før han autotuna spora på Macen. Han jobba i tolv-timars «utbrot», og mange av songane hadde minst åtte vokalspor. Dagane grodde saman først til veker, så til månadar. Han måtte blant anna nedom landsbyen for å selje rådyrkjøt for å klare å fikse ein av gitarane han brukte under arbeidet. 

Tre månadar tar det før Vernon kjem ut av hytta med ni songar i bagasjen. Etter mykje oppfordring frå venar, slepp han plata sjølv i 2007, før han slepp det globalt plateselskapet Jagjawuar frå Indiana, USA. Og resten er som kjend, historie. 

Tiårsjubileet for For Emma, Forever Ago, vert markert med ein stand-alone konsert i Wisconsin, der heile bandet Bon Iver er med. Etter at Europaturneen vart kansellert i januar i fjor av «personlege grunnar», deriblant den tilhøyrande konserten i Oslo Spektrum, er det nok mange som skulle ha høyrd dei ein gong til. Konserten den 17. februar i Milwaukee er nok utseld, men bandet kjem med ein re-release av plata den 16. februar, med ny artwork og eit essay av Trever Hagen. Det vert berre tilgjengeleg gjennom nettsida deira, og på merch-bordet på konserten. Eg skal i alle fall kjøpe albumet. 

Posted in Musikkspalten, Spalter and tagged , , , .

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.