Latter og hjartevarme går hand i hand

Tittel: Three Billboards Outside Ebbing, Missouri
Norgespremiere: 19.01.2018
Sjanger: 
Drama, komedie, krim

Mildred Hayes (Frances McDormand) sørgjer over tapet av dottera, som vart valdteke og myrda eit år i forvegen. I Ebbing, Missouri, eit fiksjonelt portrett av midtvest-Amerika sine mange småbyar, har livet gått tilbake til det same gamle. Hayes meiner politiet ikkje gjer nok for å etterforske drapet av dottera, og vel å gjere sitt for å blese liv i saka att. Ho vel å leie reklametavler som ikkje har vore i bruk sidan midten av 80-talet, og skriv ein tekst som peiker ut ansvaret hos byens politisjef, Chief Willoughby (Woody Harrelson). Ganske fort blir resten av politikorpset trekt inn, og det heile utspeler seg til å bli ein maktkamp mellom politikorpset i Ebbing og Mildred, der småbyen er usikker på kva for side dei skal velje.

I Three Billboards er det ikkje noko direkte skurk i handlinga, sjølv om historia sniffar på krimsjangeren i fleire tilfelle. Det er forfriskande å sjå Woody Harrelson i ei rolle som ein avbalansert politisjef, der han verken er alkoholisert, har familieproblem eller valdelege tendensar. Mange av augneblinkane mellom han og McDormand som sørgjande, slagkraftig mor er båe lattermilde og hjartevarme. Som svart dramakomedie treff filmen inn på alle sjangertrekk, og balanserer humor, tragedie og hjarteskjærande augneblinkar på ein knivsegg, utan at noko ramlar utfor stupet.

Three Billboards gjorde reint bord under årets Golden Globe den 7. januar i år, og raska blant anna med seg prisane for beste film, beste kvinnelege skodespelar og beste regissør. Om det er ein film du må få med deg mens du ventar på våren, er det denne.

Posted in Filmanmeldelser.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.