Sex og samliv: VENT MED SEX TIL EKTESKAPET

Mange får sine første seksuelle opplevingar i tenåra. Ein undersøking frå 2011 viser at gjennomsnittsalderen for å debutere seksuelt er 17 år for jenter og 17,9 år for gutar. Me jenter er altså litt tidlegare ute enn gutane. Grunnen til det er kanskje fordi me jenter utviklar oss raskare enn gutane, og gjerne vil ha eldre gutar, mens gutane ynskjer yngre jenter. 

Når ein føler seg klar for sex varierer frå person til person. Nokon hopp i det for å vere kule og få status. Andre venter til dei får seg kjærast, mens andre ligg rundt uforpliktande og syns det er heilt ok. Andre igjen sparar seg heilt til ekteskapet, fordi dei moglegvis har lært at det er syndig å ha sex før ein er gift. 

Det er dette siste her eg ikkje heilt får til å forstå. Eg respekterer det viss begge partar heilt oppriktig VIL vente til ekteskapet, men dersom dei gjer det for å tilfredsstilla krava til familien rundt, då slit eg med å forstå. Skal det ikkje vere frivillig både å ha sex, og å ikkje ha sex? Kvifor er sex før ekteskapet syndig?  

Eg hadde iallfall føretrekt å prøvekøyrt før eg bestemte meg for kven eg ville leva livet mitt saman med. Både kristendommen og islam seier nei til sex før ekteskapet, sex er Guds gåve til gifte menneske. Joda, kall det for ei gåve om du vil, men i botn og grunn er sex noko me treng for å føre menneskeheita vidare.  

Eg kjem ikkje frå ein religiøs familie, og ingen har nokon gong brydd seg om kven, kor eller kva tid eg har hatt sex. Det er noko som kjem heilt naturleg, og familien hadde respektert det om eg ville vente til ekteskapet eller drikke meg «dridas» og ha one night stands fram til eg slo meg til ro som 40-åring.  

Mitt liv, mitt sexliv. Eg syns ikkje det høyrar heime i 2017 å måtte vente til ein er gift med å ha sex. Iallfall ikkje viss du faktisk vil ha sex. Kva er det verste som kan skje? Kanskje nokon får dårleg samvit ovanfor «han der oppe», familien eller venner. Men heilt ærleg: Kvifor skal deira meiningar stå i vegen for din kåtskap? Kvifor skal dei eigentleg bry seg? Gud skapte oss med lyster, og då må me få lov til å leve dei ut. Dessutan er det ikkje så mykje som kan gå gale så lenge du bruker kondom.  

Det er din kropp, og viss du vil ha sex så pul i veg! Ikkje berre tenk at «Den som venter på noko godt, venter ikkje forgjeves». For etter kvart som du venter blir forventingane større og større, og me kan vel alle skrive under på at første gong ikkje er særleg godt. Så, eg seier ja til sex før ekteskapet.  

 

Posted in Sexspalten and tagged , , , .

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *