Veit du kva for eit bygg KA er?

I vår fullførte eg bachelorstudiet i journalistikk her ved universitetet. Før eg kom inn på journaliststudiet tok eg eit årsstudium i historie, så eg har vore student på UiS i fire heile år. No er eg ferdig, men skal fortsette og skrive denne spalta ei stund til.

I årets første spalte skal eg dele 6 ting som er greitt å vite på starten av studieåret.

1. Dei ulike bygga på campus har namn etter kjente personar. AR står for Arne Rettedal, KE = Kjølv Egeland, KA = Kjell Arholm, HG = Hulda Garborg, IL = Ivar Langen. Det tok ei stund før eg skjøna kva dei ulike bokstavane sto for. Ellen og Axel Lundshus blir forresten ofte kalla hotellhøgskulen og SV-bygget heiter eigentleg Elise Ottesen-Jensens hus.

2. Aktiver studentkortet ditt. Det gjev deg moglegheit til å skrive ut frå universitetet sine skrivarar og kan brukast som nøkkelkort utanom opningstidene. Viss du er på Tappetårnet er det supert å ha nøkkelkort, då kan du gå på do i dei andre bygga og sleppe å stå i kø.

3. Tappetårnet er studentpuben på campus. Det er her det skjer kvar torsdag, då blir den nedste etasjen i Studentenes hus omgjort til pub. Billig øl og god stemning frå klokka 17:00!

4. Har du utgifter knyta til helse, eksempelvis tannlege så hugs å ta vare på kvitteringane. SiS Helse refunderer beløp knyt til helseutgifter ein gong i semesteret. Så samle opp kvitteringane og send dei inn før semesterslutt.

5. Følg med i timen! Kjøp deg ei notatblokk og ein penn eller tre – det er lettare å følgje med når du noterer. Det er også bevist at du lærar betre ved å notere for hand framfor å skrive på dataen.

6. Du studerer i Stavanger, så invester i støvlar og regnklede først som sist!

Posted in Studietips.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *