Sjekk ut kven som var på Superheltfesten

Det var ingen tvil om at stemninga på Folken var heilt super under Superheltfesten torsdag.

600 billettar vart rivne vekk til den tradisjonsrike Superhelt-festen på Folken. Sjølv om ikkje alle hadde kledd seg ut, var stemninga på topp heile kvelden.

– Her er stemninga veldig bra, seier Joakim Netland, Jone Mikkelsen og Håkon Hoksnes.

Dei har lada opp med Superhelt-vorspeil og er klare for ein lang kveld utkledd som Inspektør Gadget, Jokeren og Hulken.

– Fadderveka har til no vore heilt konge, med Joakim som fadder kan ingen ting gå galt, seier dei to fadderbarna.

Girlpower

Det var mange frivillige i sving på Folken, dei forventa ein travel kveld, med klissete golv og kule kostymer. Elisabeth Hjelm står denne kvelden i baren, og er over snittet oppteken av superheltar.

– Min favoritthelt er utan tvil Wonder Women. Ho er ei sterk og uavhengig kvinne, seier Elisabeth Hjelm som har heltinna tatovert på overarmen.

Eit par Wonder Women kostymer dukka opp utover kvelden. Det gjorde og tre unge heltinner frå ein TV-serie, saman med sin professor X.

– Me driv folkeopplysning, fleire av fadderbarna hadde ikkje høyrt om Power Puff- jentene, men no har dei det, seier Grethe Marie Strøm, utkledd som Bell.

Hiv og hoi

Sjølv om temaet var superhelt, var overraskande mange utkledd som piratar. Blant dei Pelle og Pysa.

– Me ville vere unike, og dei to er jo kule, seier Maren Sundt og Mathilde Abrahamsen, som er utkledd som Pelle og Pysa.

Pelle og Pysa er like kvarandre, det var også Mads Kapstad og Silje Slåttsveen.

– Eg tek det som eit kompliment at nokon vil kle seg ut som meg, seier Kapstad.

Hans «Look a like» blei kåra til den beste versjonen av han, og Silje har gått inn for å gjere kostymet mest mogleg likt.

– Eg klippa håret mitt i dag for å sjå likare ut. Det er jo berre morosamt, seier ho.

 

Sjå alle bilda frå Superheltfesten her:

Posted in Nyheter, Siste nytt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *