Studietips: Tips for å spare pengar

No er det vår, og snart er dette semesteret historie. Det betyr at det nærmar seg eksamenstid og deretter ferietid. Ahh… Ferie! 

Dei færraste studentar vassar i pengar, og for mange skal det mykje til å få råd til ein 14-dagars sydenferie. I det siste har eg blitt hekta på «Luksusfellen», og her har eg fått mange tips til korleis det går an å spare pengar og korleis det går an å bruke meir enn det du har. Sidan det snart er ferie får du her nokre tips til korleis du kan spare opp iallfall litt pengar fram til juni.

  1. Skriv handleliste. Kjøp billegmerke der du kan.
  2. Kutt ut alkohol og snus.
  3. Kutt abonnement på Netflix, HBO, TV2 Sumo, ViaPlay og byt til det billegaste mobilabonnementet. No skal det øvast og lesast til eksamen, så dette treng du ikkje.
  4. Ikkje kjøp nye klede eller sko.
  5. Ha så lite som mogleg på brukskontoen, evt ta ut 500 kroner kvar veke og ikkje bruk meir enn det.
  6. Lag matpakke, ha kaffi på termos og ha alltid med vannflaska.
  7. Vurder om punkta ovanfor er verd det.

I denne spalten gir den drevne UiS-studenten, Kristin Frafjord, deg de beste tipsene om det å være student.

Legg igjen en kommentar

Posted in Spalter, Studietips and tagged , , .

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *