5 tips for å kome i mål med oppgåva

No er eg på mitt sjette og siste semester. Det betyr at eg innan 15. mai må ha levert bachelor-oppgåva mi i journalistikk. Med ein 50-60 prosent jobb i tillegg til oppgåva er det ikkje alltid like lett å finne tid og motivasjon for å starte.

Tekst: Kristin Frafjord

Heldigvis har alt ein slutt. Eventyr, semesteroppgåver, bachelor-oppgåver og masteroppgåver. Men, alt må og ha ein start. Her er mine fem tips for å kome i mål med alle oppgåver.

  1. Bestem deg for kva du skal skrive om. Det enkle er ofte det beste.
  2. Set deg delmål: I dag skal eg skrive to sider / finne relevante kjelder / lage ein disposisjon.
  3. Gjennomfør delmålet.
  4. Gjennomført delmål = premie. Premie kan vere å gå på trening, sjå serie, shoppe, softis, kebab…
  5. Gjennomfør alle delmåla til oppgåva er ferdig og levert.

Så enkelt. Så vanskeleg.

Lukke til!

Her kan du lese om hvordan du som student skal få det du har krav på.

Posted in Spalter, Studietips.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *