Studietips: 7 tips for å få det du har krav på

Det kan vere vanskeleg å vite kva du har krav på som student, særleg når det gjeld eksamen. Nynorskavisa Framtida skreiv 21. november 2016 ei sak om kva studentar har rett på før, under og etter eksamen. Fekk du ikkje med deg saka, skal du få den fritt gitt igjen her.

1. Rett til eksamen på ditt eige språk
I Forskrift om målform i eksamensoppgåver står det: «Som hovudregel skal eksamensoppgåver i andre fag enn norsk, gitt på norsk mål, liggje føre i begge målformer. Eksamenskandidatar kan få oppgåvene på bokmål elle nynorsk etter ønske». Du har altså krav på eksamen på nynorsk, dersom du bruker nynorsk.

2. Tilrettelegging av eksamen
Har du nedsett funksjonsevne eller andre særskilte behov, har du rett til individuell tilrettelegging ved eksamen. Eg har til dømes diabetes, og har rett på ein time ekstra på skriftleg eksamen.

3. Ta med ein ven
Jepp, på munnleg eksamen har du lov til å ta med ein ven, fanklubb eller familie. Munnleg eksamen skal som hovudregel vere offentleg, så du kan ta med kven du vil så lenge det ikkje går ut over gjennomføringa av eksamenen.

4. Sensurfrist
Det er ei kjent sak at det kan ta lang tid å få eksamensresultatet. Dei fleste har nok opplevd at sensurfristen blir for lenga, men du har faktisk rett til å få eksamensresultatet innan tre veker. Dersom du ikkje får eksamensresultatet innan fristen skal du ha fått beskjed om det, og sensor må ein god grunn for at fristen blir utsatt.

5. Grunngjeving
Kvifor fekk eg C og ikkje B? Dette må då vere betre enn D? Hæ? Denne karakteren skjønar eg lite av! Same kva karakter du får har du rett til å få ei grunngiving for karakteren frå sensor. Ved skriftleg eksamen må du gi beskjed til instituttet at du ynskjer grunngiving seinast ei veke etter at du har fått resultatet. Då har sensor to veker på seg til å gi deg ei forklaring. Ved munnleg eksamen må du be om grunngivinga med det same du får karakteren.

6. Klagerett
Kva kan eg klage på? Du kan klage om du meiner at du har fått feil karakter. Då vil ein ny sensor sette karakter på oppgåva di, og denne kan ikkje klagast på. Du kan og klage på formelle feil under eksamen, som feil ved oppgåva, avviklinga eller forholda i eksamenslokalet.

7. Konteeksamen
Stryk du på eksamen får du tilbod om å ta den på ny i starten av komande semester. Men, du har og rett på ny eksamen dersom du er sjuk, får barn eller viss nokon i nær familie døyr. Rettssakar, militærteneste og idrettssamlingar på høgt nivå kan og teljast som gyldig fråvær. Vil du ta eksamenen på ny fordi du vil forbetre karakteren, må du ofte vente til neste vanlege eksamen i emnet. Du har rett på å ta eksamen tre gonger i same emne, men dersom du treng fleire kan du søkje om dispensasjon.

kristin-frafjord-studietipsDen drevne UiS-studenten, Kristin Frafjord, gir deg de beste tipsene om det å være student.

Legg igjen en kommentar

Posted in Nyheter, Spalter, Studietips and tagged , , , , , .

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *