Skambankt treffer bra med sitt fjerde studioalbum, Søvnløs, ifølge SmiS' anmelder.

Nytt mantra

Artist: Skambankt
Tittel: Søvnløs
Utgiver: Columbia/Sony Music
Anmeldt av: Fredrik Brimsø

Karakter: B

Hardrockbandet Skambankt er ute med det fjerde studioalbumet sitt, og det er slett ikkje verst. Elementa som gjorde bandet til eit fenomen då det debuterte er modna. Musikken bandet gir ut i 2010 skil seg både i form og farge frå det illsinte materialet som dei pløgde åkrar mellom Klepp og omverda med i 2003.

Skambankt er ikkje eit band som på daud og liv frir til massane ved å gjere musikken meir lyttarvenleg og kommersielt. Dei har uttala at dei fann lyden dei hadde lett etter på den førre plata «Hardt Regn». No held hardrockbandet fram med endå større rifftryggleik og melodibevisstheit. Om ikkje testosteronet dryp som kondens frå taket lenger, så tikkar maskineriet i bandet vidare som aldri før.

Skambankt har komme med ei plate som for den nye fanskaren kanskje er ærleg, hardtslåande og rå, men som for gamle tilhengjarar som meg sjølv blir litt for tynn samanlikna med tidlegare utgivingar. Det er likevel ikkje til å komme forbi at plata er variert, sjølv om eg saknar litt tempo og aggressivitet iblant. Skambankt har fullført arteriemarsjen mot sin viktigaste muskel: hjartet.

Legg igjen en kommentar

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *