Artist: Iron Maiden
Tittel: The Final Frontier
Utgiver: EMI
Anmeldt av: Maria Gilje Torheim
Karakter: B
Det var med fryd eg stolt kunne ta det nye albumet «The Final Frontier» av Iron Maiden under armen, springe heim og setje det høgt, høgt på. Tittelsporet byrjar med Maiden sitt varemerke – særpreg. Songen er delt i to. Første bit vibrerer på ein ny og sensitiv måte. Akkurat då eg byrjar å lure på om bandet har kasta frå seg alt det gamle, tek andre del over og den meir velkjente Maiden skin igjennom. Det gamle er blanda med det nye på «The Final Frontier».
Songar som «The Mother of Mercy» representerer det gamle, medan «The Alchemist» vert ein frisk pust i ein gammal vind av metall. Under songen «The Talisman» tek eg meg sjølv i å smile og tenkje at dette faktisk er IRON MAIDEN. Bandet blir nok aldri som det eingong var. Det høyrest at trommeslagar Nicko McBrain er blitt gammal, at bandet ikkje lenger øver i lag før dei går i studio og at vokalist Bruce Dickinson skrantar på dei høgaste tonane. Likevel får eg frysingar over heile kroppen når dei gjev ut noko nytt etter tretti år i bransjen. Eg seier berre lenge leve Maiden, gid dei lenge, lenge leve må. Iron on!





Liker du å skrive, ta bilder, jobbe med radio, tegne, leke eller bare synes SmiS virker kult? Ikke nøl med å ta kontakt med ansvarlig redaktør Lars André Dahl (47 41 19 99) for mer informasjon. 

Legg igjen en kommentar