Korleis handtere kasserte kvitevarar

Alle foto: Kristoffer Møllevik

Anmeldt av: Magnus Setså
Hvem: Hurra Torpedo
Hvor: Folken, Storsalen
Når: 23. januar 2010
Karakter: A

Korfor skal ein ikkje gi Hurra Torpedo toppkarakter? Ein kan la være å gi Hurra Torpedo toppkarakter fordi ein ikkje likar underbuksehumor; type «eg likar å vise rumpesprekken min». Ein kan la være å gje bandet toppkarakter fordi ein ikkje er glad i kvitevarar, eller fordi ein er så glad i dei at ein ikkje klarar synet av å sjå ein gammal Zanussi vaskemaskin bli brukt som ein del av ei rytmeseksjon under ein konsert. Ein anna grunn til at nokon ikkje gir Hurra Torpedo toppkarakter kan vera at ein rett og slett ikkje likar Kristopher Schau, Egil Hegerberg eller Aslag Guttormsgaard, noko denne meldaren ikkje ser nokon grunn til ikkje å like!

Når eit band stiller med gamle frysarar, komfyrar og strykebenk som instrument, så burde ein forvente ein underhaldande konsert. Når frysaren som allereie er omtala er utstyrt med ein røykmaskin og lys, er det berre å gje seg over, for då er det ikkje noko som kan toppe ein slik konsertoppleving. Hurra Torpedo trefte alle dei rette stengene i meg, dei popkulturelle referansane var heilt strålande, kor ein av sangane som blei framført var ein miks av ymse artistar som har markert seg på VG-lista dei seinaste åra.

Om nokre av kriteria som er nemde tidlegare i teksten ikkje er noko ein ser etter i ein bra konsert er det berre å styre unna, for på ein Hurra Torpedo konsert får ein alt det som er nemd tidlegare i denne meldinga. Ein får eit fantastisk show kor ein kan teke seg sjølve i å berre sjå på lysa som kjem blinkande frå fryseboksen, blir fascinert av den bleike ræva til Egil Hegerberg (Egil frå Bare Egil Band) som stikk ut frå den alt for små joggedressen eller rett og slett dei fantastiske sangane, gjerne tufta over ein god, gammal klassikar frå ikkje nokon ringare enn den berømte VG-lista.

Opplevinga ein får med å sjå Farbror Blå ´3 i fri utfolding på ein scene er ein oppleving ein må unne seg om sjansen er til stades ein dag! Showet gutane leverte på i Storsalen på Folken kan ikkje om talas som noko anna enn strålande, kor publikum fekk moglegheita til å få oppleve ein konsert kor tre såpass kjende (og i mange tilfeller, blaserte) musikarar utfolda seg fritt på scenen, framfor eit Folken-publikum som tok i mot dei herlege tonane med opne armar.

Korleis kan eg ikkje gje Hurra Torpedo-konserten på Folken ein A? Eg kan ikkje gjere anna enn å gje dei ein A, ein særdeles velfortent A for ein utruleg energi på scena, ein strålande framføring og ein heilt fantastisk traktering av kvitevarane dei stilte med på scena.  Om Hurra Torpedo skal ha konsert i nærleiken av der eg er ein dag, så stillar eg! Med ein vaskemaskin! For desse gutane kan verkeleg handtera sine kvitevarar.

Posted in Konsertanmeldelser.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.